BLI MED PÅ SOGESPELET - PÅ ELLER BAK SCENEN!
I 2027 skal sogespelet igjen samle folk til ny premiere av «Kongen frå Etne», og vi treng mange med på laget!
Eit sogespel blir til gjennom eit heilt lokalsamfunn. Nokon står på scenen, medan andre byggjer, syr, lagar mat, riggar, tek imot publikum eller hjelper til med alt det som skal til for å skape ei stor framsyning.
Du treng ikkje erfaring frå teater, det viktigaste er at du har lyst til å vere med.
Som frivillig kan du mellom anna bidra med:
På scenen:
Skodespel · statistroller · hirdmenn · kamp og fekting · song og andre oppgåver
Bak scenen:
Kostyme og saum · scenografi og snekring · rekvisittar · sminke · rigg og teknisk arbeid · mat og servering · publikum og billettar · praktisk arbeid
Og det finst plass til både små og store bidrag.
For oss handlar sogespelet om meir enn det som skjer på scenen. Vi ønskjer å skape ein møteplass der folk på tvers av alder og erfaring kan bli kjende, lære noko nytt og saman løfte fram historia frå Etne.
Har du lyst til å stå på scenen? Flott. Vil du heller vere med bak kulissane? Like viktig.
Bli ein del av vår nye tradisjon, med premiere slutten av august 2027
Meld di interesse her: