Musikk, lydkulisser og produksjon av Nils Halleland
Dato:
Stad:
Oppsetjingar planlagt til veke 34 i 2027
Olav Vik amfi, Osnes, Etne
Her kjem snart meir informasjon!
Aktivitetsdag på Osnes - I fotspora til den unge kongen
Søndag 30. august 2026 kl. 12.00–15.00
Kom-deg-ut på Osnes og bli med å gå i fotspora til den unge kong Magnus!
Vi inviterer alle til ein gratis aktivitetsdag for heile familien, i samband med Kom-deg-ut-dagen og oppstarten av sogespelet «Kongen frå Etne».
Denne dagen tek vi turen tilbake til Magnus Erlingsson si tid og mellomalderen kring år 1155. Her kan born, unge og vaksne prøve seg på ulike aktivitetar, møte lokale lag og organisasjonar og få ein smakebit frå sogespelet.
Frå 12:00 blir det ein liten introduksjon om aktivitetsdagen og sogespelet, samt fektekurs og dramatisering med Måne Skald. Vidare utover vil det vere lagt til rette for mange kjekke friluftsaktiviteter.
Frå ca. kl. 14.00 blir det grilling av pølser og burgarar med tilbehøyr, i tillegg til pinnebrød, nytrekt kaffi og drikke. Det blir også flotte premiar og loddtrekning.
Arrangementet er gratis og ope for alle - barnefamiliar, ungdommar, vaksne og unge til sinns. Born må ha følgje med vaksne.
Tid: Søndag 30. august kl. 12.00–15.00
Stad: Osnes
Pris: Gratis
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Solveig på 902 38 354 eller frivillig.etne@gmail.com,
eller Vilde Lundal om sogespelet på 466 97 709 eller vilde@sogespelet.no
Arrangørar: Sogespelet «Kongen frå Etne» i samarbeid med Etne Frivilligsentral, Etne Turlag, Etne Røde Kors, Etne Jeger- og Fiskerforening, Etne Speidarane og Etne Husflidslag.

Me er svært stolte av å ha blitt invitert av Etne kommune til å bidra med eit lite utdrag frå Sogespelet under H.M. Kong Harald sitt besøk i Stødle kyrkje!
Sogespelet "Kongen frå Etne" er eit gripande historisk drama som skildrar den turbulente maktkampen på 1100-talet mellom Erling Skakke og sonen hans, kong Magnus Erlingsson. Gjennom forteljinga møter vi sentrale skikkelsar som Kristin Sigurdsdatter, og vi følgjer deira strid for å sikre Magnus ein plass i den norske kongerekka. Originalmanuskriptet er skrive av Johannes Heggland, og sidan urpremieren i 2000 har spelet vore driven av lokalt og regionalt frivillig engasjement, med profesjonell kunstnarleg leiing og ein imponerande innsats på over 2000 dugnadstimar kvart år. Heggland sitt manuskript har i nyare tid blitt bearbeida og tilført nyskrevne tekstpassasjar av Annelise Grindheim i prosessen med å skape lydboka. Med ein moderne og engasjerande stil, bringer spelet til live viktige delar av Etne sin rike kulturhistorie, som òg er nøkkelhendingar i Noregs historie. Både unge og eldre vil finne noko å beundre i denne kraftfulle gjenskapinga av vår felles fortid.
Det er foreininga Sogespelet Kongen frå Etne som står bak produksjonen av lydboka. Laget er også i full gang med å planlegge nye scene-oppsetjingar i 2027.
Styret i Sogespelet "Kongen frå Etne"
Annelise Grindheim
Geir Asbjørn Molland
Helge André Frette
Grete Maritsdatter
Nils Halleland
Annelise Grindheim - Forteljar
Ansgar Øvernes Hatteland - Magnus Erlingsson som liten
Arnt Grindheim - hærfølge
Bernt Enge - Harald Sigurdsson
Bjarte Dagestad - Erling Ormsson Skakke
Britt Jane K. Grindheim - Åsa den ljose
Eivind Frette - mann 1
Geir Marius Halleland - Erkebiskop Øystein
Ina Haugen Rostrup - introduksjon
John Magne Seljelid - Prest
Kenneth Karlsen - Magnus Erlingsson
Kirsten Markhus - Kristin Sigurdssdotter
Kristian Ness - Sverre Sigurdsson
Lars Olav Bergsvåg - Prest
Oddvar Engelsgjerd - hærfølge
Reidar Frette - mann 2
Steinar Aalvik - Skald
Anders Lunde - bass
Arne Haugen - perkusjon
Nils Halleland - strengeinstrument og tangentar
Nils Økland - fiolin og hardingfele
Per Eriksen - perkusjon
Rune Rødne - tangentar
Svein Ketil Løhaugen - tangentar
Amalie Grindheim - vokal
Hege Windsand - Vokal
Linnea Bunes - vokal
Sissi Kringlebotten - vokal
Amalie Grindheim
Annelise Grindheim
Arnt Grindheim
Bernt Enge
Eivind Frette
Geir Marius Bergom Halleland
Grete Maritsdatter
Hege Windsand
Johannes Løhaugen
Johannes Kringlebotten
John Magne Seljelid
Kenneth Karlsen
Lars Olav Bergsvåg
Oddvar Engesgjerd
Reidar Frette
Steinar Aalvik

250 000 kroner
Tusen takk!

100 000 kroner
Tusen takk!
___serialized1.png?etag=W%2F%22485a-190b5d78da8%22&sourceContentType=image%2Fpng&ignoreAspectRatio&resize=138%2B200&extract=0%2B0%2B126%2B200)
250 000 kroner
Tusen takk!

500 000 kroner
Tusen takk!